Gå til sidens hovedinnhold

Har ikkje funne sakna mann- held fram leitinga laurdag

Artikkelen er over 1 år gammel

Leitemannskap har enno ikkje greidd å finne mannen som blei meldt sakna i Balestrand fredag.

Laurdag morgon er alle frivillige dimitterte, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt til Firda.

Røde Kors, redningshundar, redningshelikopter og politi hadde då leita etter mannen.

Mannen blei meldt sakna etter at han ikkje var på bustaden sin. Dei nærmaste hadde ikkje høyrt frå han sidan onsdag og kontakta då politiet.

I løpet av morgonkvisten laurdag kjem ei ny gruppe frivillige for å starte nye søk, seier Kolltveit.

Han har på ståande fot ikkje oversikt over kor mange som blir med, eller kor tid ein startar opp nye søk.