[FIRDAPOSTEN]: Tysdag føremiddag blei eit ukjend brennande objekt observert på sjøen, ved Håmanneset like ved Smørhamn i Bremanger.

Oppdrettsfartøyet Ingun melder om funn av ein raud plastbit med brannskade. RS Norsk Tipping I er i området for å sjå om det er andre objekt som kan knytast saman med observasjonen og funnet.

Hovudredningssentralen Sør-Norge skriv på Twitter at dei er interessert i å kome i kontakt med ein kvit fritidsbåt som har vore i området rundt klokka 07.30 tysdag morgon. Har du gjort observasjonar kan du kontakte HRS på 54 64 60 00.

Oppdatert klokka 11.55: Søket er avslutta.

HRS Sør-Norge skriv på Twitter at det ikkje er gjort funn av ytterlegare objekt som fører til bekymring, og ingen indikasjon på at det har vore ei alvorleg hending.

– Vi avsluttar søket og konkluderer med at observasjon og etterfølgande funn kan setjast i forbindelse med eit bål.