Har framleis utfordringar med ferjesamband frå Rysjedalsvika – desse avgangane er kansellert i dag
Fjord1 melder i dag om at dei framleis slit med tekniske problem på ruta Rysjedalsvika – Rutledal – Krakhella, og at det er eit reservefartøy som trafikkerer ruta.
Måndag er to avgangar kansellert. Den eine er frå Krakhella klokka 10:10, og den andre er frå Rutledal 10:50. Dessutan seier dei at kundar må rekne med forseinkingar gjennom heile dagen.
Kommentarer til denne saken