Gå til sidens hovedinnhold

Har føreslått løysing på brannsaka

No har Østenstad lagt fram eit kompromiss.

Den mykje omtala brannvernsaka kan vere eit skritt nærare ei løysing.

I påska tok kommunedirektør Ole John Østenstad initiativ til eit møte med dei hovudtillitsvalde i Sunnfjord kommune.

Les også

På tre dagar har 30 brannmenn sagt opp. Slik vil Østenstad løyse problemet

I møtet blei det drøfta eit forslag om at Østenstad skal tilrå ei justering i brannordninga, melder brannsjef Bernhard Øberg i ei pressemelding tysdag.

Forslaget er å auke mannskapsstyrken på Sande, Skei og Vassenden med 2 i høve vedteken brannordning. Dermed får dei tre stasjonane 14 tilsette kvar.

I tillegg er mannskapstyrken i Viksdalen auka frå 4 til 6, og i Førde med 4 sjåførar i vaktordning.

– Vi tykkjer dette er ei god løysing. For oss er den viktigaste oppgåva å trygge brann- og redningsberedskapen for alle innbyggarane i kommunen. Vi forstår godt at situasjonen vi har no er krevjande for alle, skriv Øberg i pressemeldinga.

Justeringa må bli behandla politisk.

Les også

Sunnfjord vedtok ny brannordning

Les også

Stig og kollegaene sluttar i brannvesenet: – Eit tungt val for mange

Les også

12 av 15 brannmannskap seier opp stillingane sine i Gaular

Kommentarer til denne saken