Gå til sidens hovedinnhold

Har fått meldingar om snø på fleire vegar

Det er stille og roleg på vegane i Sogn og Fjordane, melder vegtrafikksentralen onsdag morgon.

Men vêrskiftet som var varsla, har gjort til at vegstrekninga fylkesveg 614 mellom Svelgen og Ålfoten har fått eit dekke med snø.

– Det var ein innringar som melde frå om slaps og snø i vegbana. Enn så lenge ventar vi med å kalle ut entreprenør, men dei følger med, melder vegtrafikksentralen.

Firdatipsar melder at det også er snø på vegstrekinga mellom Storebru og Naustdalstunnelen på riksveg 5.

Kommentarer til denne saken