Det vart sterk debatt etter at det vart kjent i førre veke at Mattilsynet hadde konkludert med eit avlivingstiltak for flokken med geiter som held til i områda mellom Nessane og Lånefjorden i Høyanger kommune. No er det klart at klagene har vore så mange at Mattilsynet no gjer tiltak.
– Vi har fått inn klager frå ulike dyrevernsorganisasjonar i løpet av dei siste dagane og har hatt møter om vegen vidare i dag.
Det seier Gro Eliassen, avdelingssjef for Mattilsynet i Sunnfjord og Sogn, til avisa Ytre Sogn, som først meldte saka.
Måndagens møteverksemd gjer at Mattilsynet vil sjå på saka på ny, men Eliassen fortel til avisa at dei ikkje enno veit når ein vil vere klare med ei ny vurdering.
Avdelingssjefen fortel vidare til avisa at denne prosessen no også gjer at det er ei moglegheit for at konklusjonane til Mattilsynet kan endre seg.

Oppretta gruppe for villgeitene i Sogn – fekk over 1000 medlemmar på tolv timar

Mattilsynet bukkar ikkje under for press: – Minst 200 geiter har døydd unødvendig dei siste åra

Klar beskjed til Mattilsynet: – Spar geitene, bruk heller ressursane på å utrydde kattekoloniane
