Har du vore i Bergen eller Oslo? Då må du i heimekarantene

KRAV OM KARANTENE: Kommuneoverlege Øystein Furnes i Sunnfjord kommune har saman med alle sine kollegaer i tidlegare Sogn og Fjordane innført krav om karantene for alle som har vore i store deler av Sør-Norge frå og med 12. mars.

KRAV OM KARANTENE: Kommuneoverlege Øystein Furnes i Sunnfjord kommune har saman med alle sine kollegaer i tidlegare Sogn og Fjordane innført krav om karantene for alle som har vore i store deler av Sør-Norge frå og med 12. mars. Foto:

Kommunane i tidlegare Sogn og Fjordane innfører alle eit likelydande karantenekrav etter opphald i deler av Norge.

DEL

– FHI har heile tida oppfordra til at ein bør ta lokale avvegingar. Vi har per i dag eit lågt smittepress, og som ein sårbar region er det vårt ansvar å gjere det ytste for å halde det slik lengst mogleg. Dette er inngripande, alvorlege tiltak, som statsministeren og helseministeren har sagt. Dette er ikkje noko verken vi eller sentrale styresmakter gjer med lett hjarte, men la det vere heilt klart: Desse tiltaka vil redde liv, seier Øystein Furnes, kommuneoverlege i Sunnfjord kommune.

Karantene frå og med 12. mars

Saman med sine kollegaer i dei andre kommunane i tidlegare Sogn og Fjordane fylke, innfører han no krav om karantene for alle som har vore i store deler av Sør-Norge frå og med 12. mars. Regelen gjeld fylka Oslo, Agder, Rogaland, Viken, Vestfold og Telemark, Innlandet, Trøndelag og det geografiske området som svarar til tidlegare Hordaland.

– Vi er ein sårbar region, prega av små kommunar og lange avstandar. Vidare er vi heilt avhengige av å beskytte sjukehusa våre i størst mogleg grad. Per i dag har vi god kontroll på smittesituasjonen i regionen. Denne misser vi raskt om vi ikkje får betre kontroll på det innanlandske smittepresset, seier kommuneoverlege Jan Helge Dale i Kinn kommune.

Kommuneoverlegane ser dette vedtaket som ei naturleg følge av Folkehelseinstituttet (FHI) sine tilrådingar, og Helsedirektoratet sitt nasjonale vedtak. Innstramminga gjeld per no dei nemnde fylka.

– Vi gjer dei same unntak og tilpassingar som Helsedirektoratet har gjort i sitt nasjonale vedtak, der det er mogleg for unntak for heilt kritisk nøkkelpersonell som er symptomfrie. Vi reknar heller ikkje transitt på flyplassar som eit opphald i dei aktuelle områda, seier Thomas Vingen Vedeld, kommuneoverlege i Stad kommune.

Heimekarantene i to veker

Kva betyr dette vedtaket i praksis for folk?

– Det betyr at alle som var i desse fylka 12. mars eller seinare, må vere i heimekarantene i 14 dagar, på same måte som alle som har vore i utlandet, seier Leiv Erik Husabø, kommuneoverlege i Sogndal kommune.

– Elles gjeld alle reglane som elles gjeld nasjonalt, for eksempel om du er helsepersonell eller får meir enn heilt milde luftvegssymptom.

Kommuneoverlegane har inntrykk av at det er stor forståing i befolkninga for tiltaka, og strekar under at folk må førebu seg på at situasjonen kan vare lenge.

– Det å halde avstand til kvarandre har vore det soleklart mest effektive tiltaket mot pandemien i alle land som har klart å halde den i sjakk, seier Øystein Furnes.

For personar som utviklar sjukdom eller symptom i karanteneperioden, gjeld dei til ei tid gjeldande føringane til styresmaktene for konvertering av karantene til isolasjon.

Framleis lågt smittepress i Sogn og Fjordane

Covid-19 epidemien har i dag ulikt omfang i Norge. Folkehelseinstituttet har uttalt at epidemien no har gått over i ein ny fase der ein ikkje har klart å identifisere smittekjeda for alle som vert sjuke. Dette inneber at ikkje alle nye smittetilfelle lenger let seg spore til utlandet.

– I Sunnfjord kommune og nedslagsfeltet til Helse Førde er smittepresset truleg framleis lågt; vi har i kommunen eit kjent smittetilfelle der ein har god kontroll på aktuelle nærkontaktar. Tilsvarande er det i regionen som svarar til tidlegare Sogn og Fjordane totalt 10 kjende smittetilfelle som alle er gjort greie for. Dette gjer vår region til eit av områda i Norge med lågast smittepress. Med dei nye retningslinjene som no er innført, risikerer vi raskt å misse denne kontrollen om vi ikkje få regulert smittepresset frå utanfor regionen. Kommuneoverlegen ser det som avgjerande å redusere denne risikoen ved dette vedtaket. Kommunen generelt og helse og omsorgstenesta spesielt har avgrensa kapasitet. Vidare er det maktpåliggande å beskytte sentralsjukehuset i kommunen på best mogleg måte, seier Furnes.


Artikkeltags