Har du bestilt ferie? Eller bryllaup? Dette har du rett på om du må avbestille

Gardermoen   20100419.
Det er fremdeles en del kansellerte flyavganger, til tross for at Oslo lufthavn Gardermoen nå er åpen for flytrafikk.
her informasjonstavle / lystavle med flyavganger og kanselleringer.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / SCANPIX

Gardermoen 20100419. Det er fremdeles en del kansellerte flyavganger, til tross for at Oslo lufthavn Gardermoen nå er åpen for flytrafikk. her informasjonstavle / lystavle med flyavganger og kanselleringer. Foto: Håkon Mosvold Larsen / SCANPIX Foto:

Av

Betaler du noko på førehand no til nokon som går konkurs, har du truleg tapt dei pengane.

DEL

NETTAVISEN: Høgst sannsynleg kjem det ei konkursbølge framover som følge av et næringsliv som står i fare for fullstendig å gå i stå. Jusprofessor Hans Fredrik Marthinussen ved Universitetet i Bergen leder ei forskargruppe for formuerett og er ekspert på konkursar.

Han seier at det rettslege utgangspunktet ved konkursar er at viss du har betalt noko på førehand, blir dette behandla som alminneleg uprioriterte krav i konkursbuet. Det betyr trøbbel med tanke på kva du kan håpe å få igjen: Du stiller bakarst i køen.

– Tanken er at alle kreditorar skal få like god dekning, der midla i konkursbuet fordelast rettferdig. I norsk rett er lønnskrav og skatte- og avgiftskrav prioriterte krav. Normalt får de uprioriterte kreditorane veldig lite igjen ved konkursar.

Tapt

– Pengane er i utgangspunktet tapt, og du er heldig viss du får utbetalt ein del, ein dividende, seier Marthinussen til Nettavisen Økonomi.

Viss du har betalt eit depositum til ein arrangør for leige av lokale og liknande, kan du truleg sjå langt etter desse pengane. Det er verdt å merke seg at eit depositum her ikkje er eit depositum i juridisk forstand som eit husleigedepositum.

– Eit husleigedepositum står på ein sperra konto og går utanfor ein konkurs. Eit depositum ved leige av lokale vil allereie vere brukt opp, åtvarar Marthinussen.

Normalt er det sånn viss du skal betale depositum innan ein frist og ikkje betaler i tide, kan motparten heve kontrakten. Om du ikkje held betalingsfristen, kan saka ende opp i inkassokrav.

– Sjekk derfor kontrakten om du kan trekke frå deg avtalen, er det klare rådet.

Bindande avtale

Med mindre du kan allereie i dag kan vise til at motparten ikkje vil halde sine forpliktingar, vil motparten kunne halde deg til avtalen. Du risikerer inkasso. Går motparten konkurs, er det likevel ein klar fordel ikkje å ha betalt på forskot. Sidan arrangementet då blir avlyst, vil ikkje bustyrar kunne krevje pengane.

– Dette er ei risikovurdering den enkelte må gjere, og du må vere førebudd på å miste pengane.

– Og det er ikkje noko ein kan skylde på som er ekstraordinært?

– Kva er alternativet, at staten skal betale? Problemet er at pengane er vekk, så det er ikkje noko alternativ. Konkurs er ei krise, men det er nettopp det som er meininga med konkursar. Vi må få ei avvikling, svarer Marthinussen.

Utanfor kontroll

Men så har vi alle dei som har førehandsbetalt arrangement som blir avlyst på grunn av dei kraftige restriksjonane frå styresmaktene. Eit typisk eksempel er avlyste konsertar. Har konsertpublikumet automatisk krav på refusjon? Marthinussen seier utgangspunktet er reglane om såkalla force majeure.

Force majeure løyser ein eller begge partar frå ansvar for misleghald. Dette skjer når det oppstår ei ekstraordinær hending eller omstende utanfor partane sin kontroll.

Typiske døme er flaum, krig, opprør og naturkatastrofar. Slike uventa hendingar hindrar éin eller begge partar i å gjennomføre det dei er blitt samde om i kontrakten.

Ditt problem

– Men dersom styresmaktene som no set avgrensingar på kor mange som kan vere med på festen, er problemet ditt, åtvarar Marthinussen.

Om du ikkje får lov til å arrangere noko for meir enn fem personar, er det din risiko.

IKKJE BETAL PÅ FØREHAND: Jusprofessor Hans Fredriksen Marthinussen åtvarar mot at du står veldig svakt i konkursar.

IKKJE BETAL PÅ FØREHAND: Jusprofessor Hans Fredriksen Marthinussen åtvarar mot at du står veldig svakt i konkursar. Foto:

Naturkatastrofar, krig og liknande er noko norsk og internasjonal kontraktsrett har handtert før. Jusprofessoren seier vi har relativt godt etablerte regler for å handtere risikofordelinga for hendingar som er utanfor partane sin kontroll.

– Då blir ein gjerne fritatt frå forpliktingane, og du kan ikkje krevje ei yting. Begge partar blir skadelidande, og norsk kontraktsrett er ganske flink til å balansere disse omsyna, seier Marthinussen.

Ikkje bestill, ikkje betal

– Så kva er dine beste råd framover dersom ein er usikker og skal betale noko på førehand?

– Det må vere ikkje å bestille og betale noko nå, sitt heller på gjerdet. Det er det eg gjør, svarer juristen og eksperten.

– Har du moglegheita til å avbestille og avlyse utan gebyr, er det ofte lurt. Aktiviteten i samfunnet vil stort sett vere lav framover, så du får sikkert bestilt seinare ved eit seinare anledning. Avlys og avbestill det du kan, er det klare rådet.

Artikkeltags