Gå til sidens hovedinnhold

Har analysert over 1000 koronaprøver

Helse Førde har den siste veka analysert 1017 koronaprøver ved laboratoriet deira.

Oppdateringa tysdag morgon viser nok ein dag utan smitte i Helse Førde sitt område.

Frå rapporten kjem det også fram at det ikkje er innlagde pasientar med bekrefta smitte, og det er heller ingen tilsette som er i karantene eller ute i sjukemelding grunna korona.

Helse Førde opplyser på sine sider at kommunane sjølv vel kor dei sender prøvene sine for analyse. Desse tala speglar av resultata til dei prøvane analysert ved Sentralsjukehuset i Førde, og er såleis ikkje nødvendigvis ei komplett liste.

Les også

Oppheva skjenkestopp og opnar for fleire hundre personar på arrangement: – Nærmar oss normalen

Les også

Blei ikkje Polen-tur, brukte pengane her: – Vi vil gi tilbake til bygda!

Les også

Erna Solberg: Klare for trinn tre i gjenopninga

Kommentarer til denne saken