Vil ha løyve til å køyre alkohol heim til kundane

VIL KØYRE UT ØL: Eirik Hjelmbrekke, dagleg leiar på Spar Jølstraholmen, vil tilby øl i nettbutikken.

VIL KØYRE UT ØL: Eirik Hjelmbrekke, dagleg leiar på Spar Jølstraholmen, vil tilby øl i nettbutikken. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

NÆRINGSLIV: Før jul søkte SPAR Jølstraholmen om løyve til å få køyre alkohol ut til kundane. Jølster kommune sa nei. No søker dei igjen, og søker også i Førde og Gaular kommune.

DEL

I januar starta dei fylkets første netthandel for daglegvarer, der kundane får varar levert på døra. Men alkohol får dei ikkje løyve til å køyre ut. No prøver kjøpmann Eirik Hjelmbrekke på nytt, og søker også i Førde og Gaular.

– Det var ikkje eit endeleg avslag frå Jølster kommune. Dei skulle gå gjennom rushandlingsplanen i 2018, så det kan ha komme brått på. No har dei fått tid på seg til å høyre med andre kommunar der dette er lov, så det håpar eg dei har gjort, seier Hjelmbrekke til Firda.

Han er sikker på at dei no vil få løyve.

Vinmonopolet får lov

Hjelmbrekke meiner det er spesielt at Vinmonopolet får levere heile sitt sortiment på dør og per post, men at dei ikkje også skal få lov.

– Viss det er rusmisbruk dei er redde for, så er det rart at ein skal regulere svak alkohol strengare enn sterk. Eg ser ingen grunn til at vi ikkje skal kunne gi kundane det same utvalet vi har i butikkane, seier han.

Om dei no får løyve, vil dei køyre ut øl, lettøl, lettvin og rusbrus til kundar i dei tre kommunane, men ikkje alle postnummer er innanfor.

– Får vi godkjenning, køyrer vi til sentrum av Førde, Slåttebakkane og heile vegen opp til Jølster. Også kundar i Gaular kommune og på Skei vil då få tilbod om utkøyring. Vi kjem ikkje til å køyre inn til Angedalen eller Erdalen på grunn av avstandar, fortel Hjelmbrekke.

Sikkerheitskrav

Om dei får godkjenning, har dei planane klare for å hindre at mindreårige og tydeleg rusa personar får kjøpt alkohol. Kundane må logge inn på nettsida med eit betalingskort, og då ligg alderen inne i systemet. I tillegg vil dei som køyrer ut kontrollere alderen når dei kjem fram til kundane.

– Før kunne ikkje styresmaktene sjekke om butikkane overheldt tidene for sal av alkohol og aldersgrense. Med utkøyringssystemet let dette seg kontrollere digitalt, så det må jo vere heilt fantastisk for kommunane, seier Hjelmbrekke.

Artikkeltags