Han er ferdig i Førde

Øyvind Indrebø er ferdig som trenar i Førde.

Øyvind Indrebø er ferdig som trenar i Førde. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Øyvind Indrebø stadfestar overfor Firda at han ikkje held fram som trenar for Førde sine handballdamer.

Spelarane vart informerte om dette på ei trening denne veka.

Det er rett at eg ikkje held fram som trenar. Det har vore ei evaluering i spelargruppa. Eg fornyar ikkje kontrakta mi som trenar for Førde, seier Indrebø til Firda.

Må bruke meir tid på jobb

Han forklarar at dette har samanheng med at han ser at tida ikkje strekkjer til i jobben som personalsjef i Coop Vest.

– Vi har mykje spennande i Coop no, og eg har ikkje tid til å vere så dedikert som ein lyt vere i ein klubb som satsar i 2. divisjon. I tillegg har Førde sagt at dei ønskjer ein trenar i ei fulltidsstilling, seier Indrebø.

– Har spelarane sagt at dei ikkje er nøgde med din jobb som trenar?

– Detaljane i evalueringa er det Førde som må svare for. Eg har gjort mi vurdering av vegen vidare, og har komme fram til at eg ikkje har tid til å vere så dedikert som ein må vere. At det er ulike oppfatningar innad i ei prestasjonsgruppe, ser eg på som eit sunnheitsteikn, seier Indrebø.

Sportsleg leiar i Førde handball, Odd Erik Gullaksen, avviser at det har vore ei konflikt mellom Indrebø og spelargruppa.

– Spelarane har ikkje ytra misnøgge med Indrebø som trenar. Han hadde ei kontrakt som gjekk ut etter årets sesong, og då var det naturleg å gjere ei vurdering, seier Gullaksen.

Ny retning

Den vurdering var å ikkje forlenge kontrakta med Indrebø, då klubben ønskjer å forandre trenarstillinga.

– Barbro Kroken har også signalisert at ho vil gi seg som spelarutviklar. Det gjer at vi har ressursar til å tilsette ein trenar i ei fulltidsstilling. Då vil den personen også få ansvar for aldersbestemt handball, seier Gullaksen.

Han fortel at dei har byrja prosessen med å tilsette ein ny trenar.

– Vi har eit par kandidatar til den stillinga, men har ikkje landa på nokon enno, seier han.

Skal rykke opp

Både Gullaksen og Indrebø avvsier at trenarskifte kjem som ei følgje av at Førde ikkje greidde å ta seg til 1. divisjon denne sesongen.

– Vi har hatt ei god utvikling dei siste åra, og vi er veldig nøgde med den jobben Øyvind har gjort for oss, seier Gullaksen, og viser til at Førde på dei siste fem sesongane har rykka opp frå 4. til 2. divisjon. I den divisjon har dei enda på 4., 1. og 2.-plass.

– Og i år hadde vi meir poeng enn det året vi vann, så vi har heile tida teke steg, seier Gullaksen.

Indrebø sjølv er trykk på at den utviklinga dei har hatt i Førde vil halde fram også vidare.

– Eg har vore med på ei veldig fin reise dei tre åra eg har vore her. Eg trur Førde vil vere med å kjempe om opprykk allereie neste sesong, seier han.

Også Gullaksen er klar på at klubben skal vere med å kjempe i toppen av 2. divisjon.

– Og på sikt skal vi rykkje opp til 1. divisjon. Vi må berre brette opp ermane og jobbe vidare, seier han.

Artikkeltags