Han trur krisa i oljebransjen kan være bra for fylket

SER DET POSITIVE: Arvid Andenæs.

SER DET POSITIVE: Arvid Andenæs. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Men næringslivet i fylket er rekord-pessimistar

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Næringslivet i fylket har dårlegare tru på kommande år enn dei hadde under finanskrisa, syner Næringsbariometeret som blir offentleggjort i dag.

Næringsbarometeret er eit samarbeidsprosjekt mellom Sparebanken Sogn og Fjordane, Innovasjon Norge, NAV, NHO og Sogn og Fjordane fylkeskommune. Målet med Næringsbarometeret er å gje status og framtidsutsikter for viktige næringar i Sogn og Fjordane.

Sterk uro

- I Noreg har mediehausten vore prega av overskrifter som vitnar om sterk uro og uvisse knytt til framtida for norsk økonomi. Årsaka er fallet i prisane på råolje frå Nordsjøen som starta i sommar, og held fram utover hausten, heiter det i ei pressemelding frå Næringsbarometeret.

- Fallet i oljeinvesteringar og oljeprisar, samt den negative merksemda i media, har medverka til å senke forventningane til vekst i året som kjem. Medan forventningane til vekst samla sett i fylket går ned, ventar ein at eksporten vil auke, skriv dei. 

Næringsbarometeret har vore utarbeidd kvart år sidan 2007, og aldri har næringslivet hatt lågare forventningar til året som kjem. Det er spesielt oljerelaterte bransjar, byggeindustrien og varehandelen som er med på å senke forventningane til vekst i 2015.

Fallet i oljeinvesteringar, oljeprisen og negativ merksemd i media  har vore med på å senke forventningane til vekst i oljebransjen i år.

Bygg verst

Den bransjen som har dårlegast tru på 2015, er byggebransjen. Det er særleg negative forventningar til investeringar som dreg ned.

Varehandelen i Sogn og Fjordane har ifølge SSB hatt svært låg vekst dei siste åra, samanlikna med resten av landet, og denne bransjen har lågare forventningar til det kommande året enn dei hadde under finanskrisa.

Dei næringane som skil seg ut, er eksport og reiseliv, som begge ser lyst på 2015. 40 % av eksportbedriftene ventar auka sal i 2015, og i reiselivet er forventningane til det kommande året sterkare enn dei var i fjor. Forklaringa på dette er mest sannsynleg svakare kronekurs.

Sogn og fjordane hadde i fjor klart lågast arbeidsløyse i landet.

Ved utgangen av desember var 930 personar i Sogn og Fjordane – 1,6 prosent av arbeidsstyrken – heilt utan arbeid. Det er ein reduksjon på 17 prosent frå desember 2013, skriv NAV i ei pressemelding.

Pressa arbeidsmarknad

Fylket hadde i gjennomsnitt 1,9 prosent av arbeidsstyrken registrert som heilt utan arbeid, mot 2,8 prosent på landsbasis. I tillegg var 0,3 prosent av arbeidsstyrken i Sogn og Fjordane på arbeidsmarknadstiltak, mot 0,5 prosent på landsnivå (figur 1).

Så låg arbeidsløyse hellar eigentleg mot at arbeidsmarknaden kan kallast pressa; at det er vanskeleg å få tak i arbeidskraft. Og nettopp dette momentet er blant dei som gjer at Administrerande direktør Arvid Andenæs i Sparebanken Sogn og Fjordane trur at endringane i oljebransjen kan vere godt nytt for mange i Sogn og Fjordane:

Bra for fylket

- I Sogn og Fjordane er vi langt mindre eksponerte mot oljenæringa enn nabofylka våre, og slik sett blir ikkje fylket like hardt råka. Det er også svært viktig å forstå korleis rammevilkåra til fastlandsøkonomien på sikt kan bli betre av ein redusert oljesektor med høgare kostnadsfokus: Fleire kloke hovud søkjer seg til næringar på land, mangelen på arbeidskraft i næringar som slit med rekrutteringa i dag vil minke, og lønspresset i økonomien blir langt mindre, seier Andenæs.

- Dette vil styrkje bedrifter i mange næringar, også bedrifter som på kort sikt ser på nedskjeringane i oljebransjen som ei stor utfordring. Det er viktig at næringslivet i fylket ser dette.   Endringar som det vi ser no gir oss mange utfordringar, men kanskje er muligheitene endå fleire, meiner Andenæs.