Dermed blir det den tidlegare styreleiaren i Sunnfjord Energi som skal fylle vervet som vart forhandla fram i samband med fusjonen mellom energiselskapet i Sunnfjord og konsernet i Hordaland.

Sunnfjord og Ytre Sogn får også styreplassar i andre selskap i BKK-konsernet, fortel BKK i ei pressemelding.

Fann tonen

Andenæs, som i 15 år var administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, var styreleiar i Sunnfjord Energi (SE) frå 2016 og fram til fusjonen med BKK i sommar.

Andenæs var først sterkt kritisk til at BKK i januar sette foten ned mot Sunnfjord Energis planar om å fusjonere med Sogn og Fjordane Energi (SFE) på Sandane. Seinare fann SE og BKK meir og meir tonen, og Andenæs vart ein varm talsmann for samanslåinga det store fleirtalet av eigarkommunane i Sunnfjord til slutt gav sitt ja.

I pressemeldinga seier BKKs konsernsjef Jannicke Hilland dette om kvifor Andenæs no blir valt inn som observatør i styret:

– Vi hadde eit godt samarbeid i fusjonsprosessen, og no blir Sunnfjord og Ytre Sogn ein del av BKK sitt område. Arvid kjenner næringslivet i regionen godt, og vi ser fram til at han blir ein del av styret vårt.

Midtbø inn i styret for nettselskapet

Dei tidlegare eigarane av Sunnfjord Energi får også styremedlemmer i BKK Nett og BKK Produksjon. Helge Robert Midtbø, som var nettsjef i Sunnfjord Energi frå 2007 til 2014, går inn i styret til BKK Nett (3 år). Ap-politikaren Midtbø stod sentralt i den politiske prosessen, då Førde, Sunnfjord Energis største eigarkommune tok stilling til fusjonsframlegget. Midtbø var sterkt i tvil, før han og Ap landa på eit ja.

Vegard Strand, som har vore med i styret til Sunnfjord Energi frå 2013, blir ny styremedlem i BKK Produksjon (5 år).

I tillegg til styreplassane som går fram av fusjonsavtalen, går Silje Skaar Sunde inn i styret til BKK Spring. Sunde vart tilsett som økonomisjef i Sunnfjord Energi i 2015.