Då Sindre Kvalheim kom til Gunnar Carlson i Måløy med ideen sin, fekk han ti millionar kroner å satse med.
– Carlson begynte å ringe meg i 2005. Då hadde han ei varehandel- og konsulentverksemd, men kjende på seg at Måløy-miljøet trengde ei IT-satsing, fortel Sindre Kvalheim, som i dag leiar selskapet LocalHost AS, eit leiande selskap innan datarelaterte tenester med primærområda drift og konsulenttenester. LocalHost AS har utvikla produkt som gjer det lønsamt for også små bedrifter å outsource it-drifta.
– Kom med ein ide
– I 2006 ringde Carlson meg, og sa at «No har eg mast så mykje på deg, at dette er siste gang eg ringer: Kom opp med ein god ide, så skal eg finansiere den».
Kvalheim ringde rundt til nokre kameratar, og til slutt kom dei opp med ideen til det som i dag er Local Host.
– Kom ikkje her med svære utgreiingar. Eg vil ha eit halvt A4-ark, så kanskje eg forstår det, sa Carlson.
Karane møtte opp på kontoret og la fram ideen sin.
– Gå heim og sei opp
– Kor mykje pengar treng de? Spurte Carlson.
Jau, dette hadde dei rekna grundig på:
– 2,8 millionar.
– De er no litt søte. De kjem til å trenge ti. Men det er greitt, dei har vi. Gå heim og sei opp jobbane dykkar, sa Carlson.
– Då vi kom ut, sa Rune Mykletun til meg «Du, eg har familie og huslån å ta omsyn til. Eg kan ikkje seie opp jobben min på det grunnlaget der?» Eg ringde Carlson mens vi stod der utanfor kontoret, og fekk til svar: «Kva for ein del av «De får ti millionar» var det de ikkje forstod?»
Omset for 60 mill
Slik begynte det. I fjor omsette Local Host sine selskap for over 60 millionar og sysselset til saman meir enn 50 menneske i inn- og utland.
– Og slik er han. Han likar dei gode historiene, alt handlar om å jakte på den gode lagkjensla, det å drive kvarandre fram. Han er ein sentral i miljøet, ein alle kan gå til, seier Kvalheim.
– Men vi har fleire og, brørne Svein og Egil Skibenes, etter kvart sønene deira, og Coast Seafood-gjengen. Alle bidreg til at Måløy-miljøet veks og nye bedrifter spirer fram stadig vekk, seier Kvalheim.
– Han har det gøy
– Gunnar omgir seg med folk som han handplukkar, ikkje berre etter ambisjonar, men fordi han vil ha det gøy.
- Som han seier sjølv: Viss ikkje det er gøy, så er det ikkje vits i. Og eg trur han har det kjempegøy.
– Det er utruleg interessant å jobbe med gründerar, seier Gunnar Carlson, som har investert fleire titals millionar i gründerbedrifter i Måløy.
Carlson har tent gode pengar på skipsverft og båtbygging i Måløy. Fram gjennom tida har han brukt veldig mykje av dette til å hjelpe nye bedrifter i gang.
Eit samfunnsansvar
– Vi har eit samfunnsansvar. Det er mange som tar det ansvaret, men det er ikkje alle som har ressursane til å ta det. Sånn sett har vi har vore heldige. Vidare har det litt med miljøet du jobbar i, det er ikkje like lett alle stader, seier Carlson.
– Eg antar det er lettare å vere gründer i Måløy, fordi vi må vere det, enn på ein stad som er prega av mange offentlege arbeidsplassar, som t.d. Førde. Slike stader har sannsynlegvis færre gründerar enn andre.
Menneske fulle av glød
– Når det gjeld sjølve Måløymiljøet, så er det mange her som syns det er veldig interessant å jobbe med nye produkt og menneske som er fulle av glød og energi, men det ligg stor, stor risiko i det.
Dessutan straffar skattesystemet dei som vil skape noko nytt, meiner Carlson:
– Det som er synd er at politikarar og journalistar ikkje forstår, det har med formuesskatt å gjere: Eg blir heilt matt når eg ser kva eg betaler i formuesskatt for det eg har investert i bedrifter som det vil ta mange år før dei kjem i pluss. Ein kan seie mykje forskjellig om formuesskatten, men akkurat dette er heilt openbert svært urimeleg og veksthemmande, og den delen av formuesskatten kunne ein veldig enkelt ha gjort noko med, seier Carlson.
Har starta 20 bedrifter
Fram gjennom åra har han investert fleire titals millionar i gründerbedrifter. I dag er han engasjert medeigar i «rundt tjue» bedrifter som starta på denne måten.
– Det må då vere veldig spanande å jobbe med heilt nye produkt og bedrifter som har framtida framfor seg?
– Det er utruleg interessant, og mange fleire burde tatt del i det. Men nokre har meir interesse enn andre av å skape nye bedrifter og aktivitetar, og andre likar å sette pengane sine i bank eller eigedom, og det skapar jo ikkje spesielt mange nye arbeidsplassar. Det er fattigdom: Å ha pengar på bok, og ikkje idear.