Han knuste løyperekorden

Johan Bugge er no den nyaste rekordhaldaren av Førde Opp. Han nådde toppen på tida 25.06.

Johan Bugge er no den nyaste rekordhaldaren av Førde Opp. Han nådde toppen på tida 25.06. Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Også rekord i kvinneklassa.

DEL

Johan Bugge fra Eidsvåg IL var raskaste løpar til toppen av Hafstadfjellet i herreklassa under laurdagens Førde Opp.

Knuste fjorårets rekord

Bugge, som er regjerande europameister i motbakkeløp, og som vart nummer 3 opp Skåla i år, nådde toppen på tida 25.06, noko som er nær to minutt raskare enn Øyvind Heiberg Sundby sin rekord frå fjoråret.

– Det var knallhardt. Det er noko av den hardaste traseen eg har sprunge, seier Bugge etter målgang, samtidig som han påpeika at det var hardt underlag heile vegen, slik at han kunne springe heile vegen.

Forferda over kor bratt det var

Laurdagens Førde Opp var Bugge sitt første møte med Hafstadkleiva i konkurranse. Berre ein prøvetur hadde han hatt, og det var dagen før.

Bugge sprang då ein del av svingane og vart forferda over kor bratt stien var.

Så bratt var stien, at Bugge var redd han ville bygge opp mjølkesyre lenge før han nådde makspuls, då Firda snakka med han rett føre start.

Lokal siger i kvinneklassa

I kvinneklassen var det Eli Anne Dvergsdal frå Jølster som var raskast til toppen. Dvergsdal nådde mållinja på tida 31.16.  Dette er også ny løyperekord då Mai Britt Buer hadde 31,54 som vinnartid i fjor.

Jølsterjenta tok i fjor andreplassen med tida 32.02, og har dermed pressa si eiga tid nesten eitt minutt.

Sjå bildeserie frå heile Førde Opp.

Les også: Motbakkeløpet der ungane er sjef