Hamna i slåstkamp med 3 i promille- det enda særs dårleg

Slåstinga enda med sjukehusinnlegging for den eine og fengsel for den andre.

DEL

Like etter midnatt natt til laurdag, fekk politiet melding om eit slagsmål mellom to menn i Strandvegen i Florø.

Politiet rykte ut og fekk kontroll på situasjonen.

Dei to mennene fekk mindre kutt og hevelsar i ansiktet og begge verka fulle, melder politiet på Twitter.

Den eine av dei blei målt til å ha over 3 i promille. Mannen i 30-åra blei difor sendt til sjukehus for observasjon.

Den andre involverte, ein mann i 30- åra, blei sett i arresten og er mistenkt i saka.

Politiet opprettar sak etter hendinga, som hadde ein tredje person som vitne.

– Vi har ikkje fått avhøyrt noko av dei to enno, fortel operasjonsleiar Tatjana Knappen i Vest politidistrikt til Firda.

Artikkeltags