Nye tal frå Folkehelseinstituttet viser at 51,5 prosent av dei tilsette i skular og barnehagar i Noreg har fått dose to med koronavaksine.
Heile 90,6 prosent av dei tilsette har fått første vaksinedose, ifølge ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet.
I den generelle befolkninga mellom 18 og 70 år har 95,2 prosent fått første vaksinedose, medan 48,5 prosent har fått andre dose.
– Det er kjempebra at så mange lærarar og barnehagetilsette ønskjer å ta vaksinen. Eg er veldig glad for at mange kommunar har prioritert tilsette i barnehagar og skular òg for dose to, seier kunnskapsminister Guri Melby (V).
Omtrent 25.000 tilsette i skular og barnehagar er enno ikkje vaksinerte. Det er 4.000 færre enn førre veke.
(©NPK)