Halve Noreg blir heime på 17. mai

Av

Annankvar nordmann seier dei skal halde seg heime i eigen bustad på 17. mai, ifølgje ei undersøking.

DEL

Ifølgje Norsk Koronamonitor frå Opinion svarar 51 prosent at dei trur at dei i all hovudsak kjem til å bli i sin eigen bustad på nasjonaldagen.

– Men langt fleire legg opp til å vere utandørs eller vitje andre etter at styresmaktene byrja å gjenopne samfunnet og letta på avgrensingar på kor mange vi kan vere saman med, seniorrådgivar Ola Gaute Aas Askheim i Opinion.

7. mai endra styresmaktene retningslinjene og tillèt no forsamlingar på inntil 20 personar privat. På offentlege arrangement er det tillate med 50 personar. Etter endringane har delen som skal feire dagen utandørs, nesten tredobla seg.

I april svara 11 prosent at dei ikkje skulle vere heime 17. mai. No er talet 30 prosent. Delen usikre har stige frå 19 til 24 prosent i same periode.

Artikkeltags