Hald på hatten. No blir det vindfulle dagar

VIND OG REGN: Det er berre å gjere seg klar. Vinden er kommen, og regnet er på veg. Det blir ufyseleg vêr i fleire dagar framover.

VIND OG REGN: Det er berre å gjere seg klar. Vinden er kommen, og regnet er på veg. Det blir ufyseleg vêr i fleire dagar framover. Foto:

Måndag bles det opp. Det blir liten til full storm på kysten, og vinden har ikkje tenkt å løye før ut på dagen onsdag.

DEL

– Måndag bles det opp, og vi ventar liten storm i Sunnfjord-området. På kysten opp i full storm, seier meteorolog Steinar Skare ved Meteorologisk institutt i Bergen.

Trøysta i dag får vere at det ikkje blir nedbør. Tysdag blir det mindre å trøyste seg med.

– Seint måndag kveld vil det komme regn i ytre strok. Og dei neste dagane vil det regne godt, både i ytre og indre strok, seier Skare.

Farevarsel

– Det er sendt ut gult farevarsel for vindkast. Det blir kraftig vind frå sør og sørvest. Der desse vindretningane tek vil det merkast godt, seier Skare.

Farevarselet gjeld både måndag, tysdag og først på onsdag.

– Det blir vindkast opp mot 25–35 m/s utsette stader. Og det vil komme ein del nedbør. Snøgrensa vil ligge mellom 400 og 700 meter, seier Skare.

Både tysdag og onsdag kan vi vente oss mykje regn i tillegg til vinden.

– Vinden vil minke onsdag føremiddag, men regnet held fram. Det ser også ut sin in det blir ein del regn torsdag og fredag, seier Skare.

Torer ikkje seie noko om helga

– Ser du ikkje noko teikn på vår og betre vêr framover?

– Eigentleg ikkje. Det ser ut som det blir regnbyer også framover til og med fredag.

– Kva med helga? Har du ikkje noko håp til oss ein gong?

– Eg torer ikkje seie noko om helgevêret enno. Det får vi komme tilbake til om eit par dagar, seier Skare.

Ein titt innom yr.no gir likevel litt håp om godvêr. Der er det meldt delvis skya og opphald frå laurdag av. At meteorologen ikkje vil seie noko om dette, er kanskje ikkje det beste teiknet. Men det er lov å håpe.

Artikkeltags