Her får førsteklassingane gjennomgå av russen

Førsteklassingane, også kjent som 00-modellane, fekk gjennomgå for sine Instagram-vaner og lettkledde antrekk. F.v.: Martine Kamme, Maia Dale, Vilde Lyssand, Frida Gamlestøl, Ida Fosse Fardal, Runar Vikum og Anna Steen.

Førsteklassingane, også kjent som 00-modellane, fekk gjennomgå for sine Instagram-vaner og lettkledde antrekk. F.v.: Martine Kamme, Maia Dale, Vilde Lyssand, Frida Gamlestøl, Ida Fosse Fardal, Runar Vikum og Anna Steen. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FØRDE: Førsteklassingane var blant dei som fekk gjennomgå under årets russerevy. Firda sin meldar koste seg gløgg i hel.

DEL

Det er den tida på året då det kriblar i magen til Hafstad-3.-klassingane og lærarane er litt ekstra bevisste på oppførselen sin, med andre ord russerevy.

Hafstad-russen sin revy «Berre google det» hadde premiere i Førdehuset klokka 19 på onsdag, og dei leverte litt av eit show.

«Frisinna» 00-modellar, blodharry Øyrane-elevar, ein sosiopatisk Torbjørn Røe Isaksen og sjølvsagt Donald Trump var berre noko av det som stod på menyen. Underbuksehumoren var gjennomgåande, men det er jo trass alt russerevy!

Sjå bildeserie nedst i saka.

Heit fråværsdebatt

Årets raudruss er fødde i 1998, same året som Google kom til verda. Dette er bakgrunnen for både namnet og den raude tråden i revyen. Det heile blir opna av to revysjefar som finn ut at dei skal google seg fram til revysketsjane, og kvar sketsj blir deretter opna av eit google-søk på storskjermen. Men innhaldet i sketsjane er langt betre enn noko ein kan google fram.

I eit av innslaga parodierte russen Debatten på NRK, der fråværsgrensa var tema. Ei snobbete Hafstad-jente, ein bondsk Øyrane-elev, kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen og ein tvilsam køyrelærar var deltakarar og stemninga blei amper. Denne sketsjen var morosam, men

MAKE FØRDE GREAT AGAIN: Sigve Longvastøl leverte ein solid Trump-parodi, og det på dialekt. Her med Åsa Lerum (bak) og Johanne Åsnes.

MAKE FØRDE GREAT AGAIN: Sigve Longvastøl leverte ein solid Trump-parodi, og det på dialekt. Her med Åsa Lerum (bak) og Johanne Åsnes. Foto:

viste også at russen har vore engasjerte i fråværsgrense-debatten og kan sjå den frå fleire sider. Røe Isaksen blei framstilt som ein sosiopat, så russen fekk fram meininga si.

I eit anna innslag kjem den nye Førde-ordføraren «Donald Trumpnes» og fortel om korleis han skal sette Førde først, bygge mur rundt byen og la nabokommunane betale. I tillegg vil han sprenge Hafstadfjellet for å sleppe til sola på Hafstad vgs. Restane av fjellet skulle han dumpe i Førdefjorden, fordi nokon folk i Oslo har fortalt at det er heeeilt trygt. Eg hadde forventa å sjå Trump på revyen, men denne lokale vrien var nydeleg og uventa.

Betatt av 98-gutar

Som i alle tidlegare Hafstad-russerevyar skulle visse tradisjonar vidareførast: lærarparodiar, erting av 1. og 2.-klassingane, jentedansar og ein l

Jentene leverte suveren dans. Her: Iselin Thorsen, Grete Roska, Marte Tonning, Maria Ulltang, Anna Steen, Kristine Berg.

Jentene leverte suveren dans. Her: Iselin Thorsen, Grete Roska, Marte Tonning, Maria Ulltang, Anna Steen, Kristine Berg. Foto:

ettkledd gutedans som endar opp dristigare og dristigare for kvart år. Parodien av naturfaglærar Leon Årdal var spesielt god, og hausta mykje skratting frå publikum.

Førsteklassingane, eller 00-arane, fekk gjennomgå i revyen. Dei var oppslukt av Instagram, betatt av 98-gutar og dekte seg ikkje akkurat til når dei skulle på byen. Dei får trøyste seg med at dei kan dei ta hemn på 02-arane når dei sjølv skal ha russerevy om to år.

Gutedansen var noko for seg sjølv.

Solid underhaldning
NATURFAG MED LEON: Anna Stina Stafsnes, Adrian Ekroll Kjøsnes, Malin Trosvik Skagen, Emilie Sande, Guro Storkås, Massoma Jurmy, Alexander Ehamparam, Oskar Roti.

NATURFAG MED LEON: Anna Stina Stafsnes, Adrian Ekroll Kjøsnes, Malin Trosvik Skagen, Emilie Sande, Guro Storkås, Massoma Jurmy, Alexander Ehamparam, Oskar Roti. Foto:

Det er alltid noko å pirke på i russerevyar. Nokre av innslaga kunne vore korta ned litt og nokre kunne hatt ein meir tydeleg punsj som avslutning. Til gjengjeld skal det seiast at bandet gjorde overgangane mellom innslag knirkefrie og replikkane sat som skot hos alle.

Eg sat ikkje med inntrykket av at det blei for Hafstad-internt, men som tidlegare elev bør dette kanskje vere opp til andre å dømme. Alt i alt var det ein variert, veldig underhaldande og (etter mi meining) passeleg intern revy. Russen og revysjefane har grunn til å vere stolte, og dei Hafstad-tilsette kan puste ut for denne gong.

Sjå fleire bilde frå russerevyen her:

Artikkeltags