Biskopen i Møre har teke vikarprest Vidar Nes Mygland ut av teneste fordi han nektar å samarbeide med kvinnelege prestar, melder NRK.

Debatten har rasa etter Myglands uttale om at kvinner ikkje kan vere prestar, og at han ikkje vil samarbeide med kvinnelege prestar.

– Det er ikkje forbode for prestar å vere imot kvinners presteteneste, men ein kan ikkje reservere seg mot å samarbeide, seier fungerande biskop Olav Gading.

Han seier dei no treng tid til å avklare nærare det som har komme fram i media. I fjor slo bispemøtet fast at ingen prestar i Den norske kyrkja kan nekte å samarbeide med kvinnelege kollegaer.

Mygland seier til NRK at han ikkje vil uttale seg om det som har skjedd, før han har vore i møte med biskopen. Presten er tilsett i eit fire månaders vikariat i Ørskog.

(©NPK)