Under Statens vegvesen sin kontroll i Håbakken onsdag ettermiddag fekk ein førar av eit vogntog køyreforbod grunna mangelfull lastesikring og gjenstandar i frontruta som hindra sikt.
Føraren hadde pynta i frontruta med diverse flagg, duskar og vimplar. Dette tok delar av sikta og er ikkje greitt, skriv kontrollørane i ei pressemelding til Firda.
Vogntogsjåføren fekk ein åtvaring og måtte rydde siktsona før han fekk køyre vidare. Men ikkje før han påpeikte at dette var heilt ok å gjere i andre land. Det kan godt vere, men det er likevel ikkje i tråd med korleis vi tenker tryggleik her i landet, svarar Vegvesenet.
– Statens vegvesen er ikkje einig i at delar av sikta kan hindrast av diverse gjenstandar. Dette er trafikkfarleg.
Les også
Leitte etter sakna mann med demens på Skei

Les også