Gå til sidens hovedinnhold

Hadde prikkar frå før – då UP stod på lur på E39, rauk lappen

Artikkelen er over 2 år gammel

Føraren vart også politimeld, i ein UP-kontroll onsdag. Totalt 12 måtte punge ut etter kontrollen.

Utrykkingspolitiet hadde onsdag ein laserkontroll på E39 ved 60-sona på Skei. Her vart 12 forenkla førelegg delt ut, og den høgste målte farten i kontrollen var 80 km/t.

Ein annan førar vart teken i 74 km/t og måtte sjå lappen ryke. Han hadde prikkar på førarkortet frå før, og vart også politimeld etter fartsbrotet og mengda prikkar.

Tidlegare på dagen hadde UP også ein promillekontroll på E39 på Sandane. Her vart 80 kontrollerte, men politiet fann ingen utslag på rus.

Kommentarer til denne saken