Gå til sidens hovedinnhold

Hadde planlagt seriestart for barnefotballen etter påske. Men no ser det mørkt ut

Seriestarten blir utsett.

– NFF Sogn og Fjordane har planlagt for oppstart av seriespelet for born og ungdom rett etter påske, og for at seniorfotballen startar opp i slutten av april. Men med dagens restriksjonar og smitteutvikling nasjonalt har vi ikkje anna val enn å utsette seriestarten.

Det skriv Yngve Håkonsen i NFF Sogn og Fjordane i eit brev til alle klubbane og laga fredag.

Han legg til at det ikkje blir opna for seriespel før det blir mogleg å spele kampar på tvers av kommunar.

– Vi har følgande scenario for barne- og ungdomsfotballen: Dersom vi får beskjed frå styresmaktene om opning frå midten av april for barne- og ungdomsfotballen, ser vi føre oss å opne opp med seriespel for aldersklassane 10 til 12 år frå veke 16, og for aldersklassane 13 til 17 år frå veke 17, skriv Håkonsen.

– Dersom det blir oppstart for barnefotballen i veke 16 speler vi som planlagt, men med korrigering på enkelte kampdatoar. Dersom oppstart blir seinare enn veke 16, vil det bli vurdert heilårsseriar i alle klassane i barnefotballen og nye seriar blir eventuelt sett opp. For ungdomsfotballen, dersom det blir oppstart i veke 17 eller seinast starten på mai, vil vi sette opp kampar også i veka etter at skulen er ferdig. Ved behov oppsett av to kampar i veka for nokre seriar i nokre rundar. Dersom oppstart blir seinare enn starten av mai, vil eit mogleg alternativ vere å strekke vårsesongen til august, skriv han.

Medan ein ventar på seriestart oppfordrar NFF dei som har moglegheit til å spele treningskampar. Hugs å gjennomføre kampane i tråd med gjeldande smittevernsprotokoller, formanar dei.

– Det går føre seg eit kontinuerleg og breitt arbeid på tvers av idrettar og kretsgrenser for å få opna for treningskampar på tvers av kommunegrenser, og innanfor i regionar, og vi håpar på ein snarleg avklaring.

For seniorfotballen er det også uvisst kor tid dei kan få lov å trene som normalt, og komme i gang med kampane.

– Det vi kan informere om er at frå den dagen det blir lov med normal trening så vil klubbar og lag trenge ca. fire veker til første kampen blir spelt. Eit scenario er seriestart 15. mai og eit anna er 1. juni eller 15. juni. Dersom det ikkje opnast opp før sommaren blir seriestarten mogleg først i august.

Kommentarer til denne saken