Politiet sin UP-patrulje rigga seg til ved Eikåsmyrane i Jølster torsdag morgon.

Skilta viser 70 kilometer i timen på staden, men mange tråkka litt for hardt på gassen i dag tidleg. Tjuefire personar fekk bot for å ha køyrt for fort.

Høgste fart som vart målt var 105 kilometer i timen.

Betre nyheiter er det at av dei 70 sjåførane som vart kontrollert for promille og rus, var det ingen som fekk utslag.