– Hadde aldri funne han utan hjelp frå klarsynt

Artikkelen er over 5 år gammel
DEL

Torsdag fann private leitemannskap det som etter alt sannsyn er Per-Arne Hestenes (35), som har vore sakna sidan han var involvert i ei trafikkulykke natt til 8. november.

Les også: Politiet: Alt tyder på at det er sakna 35-åring

Hans Andenæs har vore med på leiteaksjonane etter Hestenes, både i regi av Gloppen Røde Kors der han er medlem, og i dei private leiteaksjonane, då han er ein ven av familien Hestenes.

Hjelp frå klarsynt

Andenæs fortel til Firda at den siste tidas leiteaksjonar byrja etter innspel frå den sjølverklærte klarsynte Michael Winger, som også reiste til Gloppen for å bistå med hjelp til leitemannskapa.

– Utan hjelp frå den klarsynte hadde vi aldri funne han, seier Andenæs, og viser til at funnet vart gjort i eit område der dei frå før såg det lite naturleg å leite.

I 14-tida torsdag vart ein omkommen person funnen nord for Skinlo i Gloppen, 200 meter over eit område som Winger hadde peika ut på kartet.

Winger hadde frå før avgrensa eit område på 400 gonger 300 meter på kartet, og onsdag justert dette søksområdet vidare oppover i terrenget.

Politiet: Alt tyder på at det er Per-Arne

Politiet uttalte torsdag kveld at alt tyder på at det er den 35 år gamle Hestenes frå Gloppen som er funnen.

Operasjonsleiar Wenke Hope grunngav politiets slutning med at funnet er gjort i snaufjellet, nær der trafikkuhellet Hestenes var involvert i skjedde.

– Det er heller ingen andre som er meldt sakna, seier operasjonsleiaren.

Uklart når obduksjonen er klar

Den døde er rutinemessig sendt til obduksjon.

– Obduksjonen skal skje i dag. Når rapporten er klar, veit vi ikkje, seier operasjonsleiar Inge Værøy til Firda fredag morgon.

Han fortel at fram til det kjem ein rapport frå obduksjonen, vil det ikkje bli jobba meir med denne saka.

Kommentarer til denne saken