Gutar slåst om jente

Blei vennar igjen.

DEL

Klokka 00.08 natt til måndag fekk politiet melding om slåsting på ei adresse i Florø.

Årsaka til slåstinga skal ifølge politiet ha vore ei jente. Då politiet kom på staden var visst stemninga god igjen.

– Dei vart eigentleg vennar igjen. Saka blei ordna på staden og det blei ingen skader, seier operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt.

Elles har det vore ei roleg natt for politiet, opplyser han.

Artikkeltags