Klokka 18.44 torsdag kveld vart det meldt om ei trafikkulykke ved Vågsøy ungdomsskule.
Ein bil har køyrt på ein gut under ti år, og ifølgje operasjonssentralen i Vest politidistrikt skal føraren av bilen ha køyrt frå staden.
Kvinne i svart bil
– Det skal ha skjedd rundt 20 minutt før det blei meldt inn. Det er opplyst at det skal vere ei kvinne i ein svart bil som har treft denne guten. Han skal ha falle over ende og fått nokre småskadar, seier Knut Dahl-Michelsen, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.
Guten skal vere teken med av familien sin for ein legesjekk.
Frå politiets side vil dei rykke ut og starte etterforsking.
– Ein patrulje er på veg til legevakta for å snakke med den fornærma guten og meldar, seier operasjonsleiaren.
Etterlyser vitne
Dahl-Michelsen seier det sannsynlegvis ikkje var vitne til hendinga.
Om det likevel skulle vise seg å vere det, er politiet interessert i tips frå publikum. Dei ber då om at desse kan ringast inn på 02800.