Operasjonssentralen i Vest politidistrikt fekk klokka 13.09 onsdag føremiddag melding om ei trafikkulykke i Sogndal sentrum.

Ein ung gut på sykkel hadde då blitt påkøyrt av ein bil i Ålkrysset.

Det vert opplyst at bilen skal ha treft bakhjulet på sparkesykkelen, og guten er no frakta til lokal legevakt for sjekk.

Han skal vere bevisst, men øvrig skadeomfang skal enno ikkje vere kjent.

Politet har ein patrulje på staden og det vert no gjort avhøyr på staden, mellom andre med bilførar.

– Det er teke beslag i førarkort. Føraren er ein eldre mann og samtykka til dette, seier operasjonsleiar Eirik Loftesnes i Vest politidistrikt, til Sogn Avis.

Til avisa fortel han at det ikkje skal vere mistanke om ruskøyring.

– Kva som er årsaka til uhellet er for tidleg å seie, men det framstår som at samanstøyten skjedde i det føraren av sparkesykkelen passerte over fotgjengarfeltet, seier Loftesnes.