Gut på sparkesykkel påkøyrt av bil i Førde

Påkøyrsla skal ha skjedd i låg hastigheit, melder politiet.

DEL

Operasjonssentralen i Vest politidistrikt melder onsdag kveld om ei påkøyrsle i Førde.

Ein gut på sparkesykkel har blitt påkøyrd av ein bil i låg hastigheit. Guten er tilsett at av ambulansepersonell på staden og blir køyrd til legevakt for sjekk.

Operasjonsleiar Terje Magnussen fortel til Firda at påkøyrsla skal ha skjedd få ein bil kom frå ein garasje.

– Etter det vi har høyrt skal det har vore ein hekk som har hindra sikt for både guten på sparkesykkel og bilisten.

Etter det Magnussen kjenner til, skal det berre vere snakk om skrubbsår etter ulykka.

– Politiet har vore på legevakta og gjort undersøkingar der. Det blir oppretta sak og den vil bli følgt opp vidare, seier operasjonsleiaren.

Artikkeltags