Ein ni år gammal gut vart sakna etter ein skuletur i Leikanger torsdag ettermiddag. Guten kom ikkje ned saman med skulen frå Skagesetfjellet. Hendinga vart meldt til politiet klokka 15:15.
Frivillige ressursar vart varsla og hjalp til i søket.
Kommunedirektør i Sogndal kommune, Tor-Einar Holvik Skinlo, sa til Sogn Avis guten var på skuletur.
– Mange tilsette har vore med og leita i heile ettermiddag. Dette skjedde på ein skuletur, og det var ei kort stund guten var ute av syne. Det vart sett i gang leiting relativt raskt etter det. Vi har sett beredskapsleiing, og følgjer prosedyrane for det.
Klokka 18.19 melde Vest politidistrikt at guten er funnen av redningshelikopteret. Han er uskadd, og i fin form.
Guten vart funnen i Henjadalen, som ligg nedanfor fjellet han og skulen hadde vore på tur i.