Meteorologisk institutt har sendt ut gult farevarsel om snø for indre delar av Rogaland og Vestland.

Dei forventar 15–30 centimeter snø i indre strøk. I fjellet er det venta endå meir snø, skriv dei. Utover dagen er snøgrensa venta å stige, i takt med mildvêr i låglandet.

Dei oppfordrar om å køyre forsiktig i snøvêret.

Snøskredvarselet for Indre Fjordane er på nivå to, melder Varsom.no. For Indre Sogn går varselet opp frå farenivå to torsdag, til tre fredag.

Medan snømengdene gir gult varsel, gir dei truleg også nokre smil rundt munnen til skientusiastane.

Her kan du lese om nokre som truleg tar imot snø med eit smil: