Fleire ferjesamband innstilt på grunn av dårleg vêr

DEL

Fv. 57 ferjestrekninga Leirvåg- Sløvåg er søndag innstilt på grunn av dårlege vêrforhold.

Det melder vegtrafikksentralen på Twitter.

Like etter klokka 13.00 melder vegtrafikksentralen at sambandet framleis er innstilt, noko det vil gjere fram til vinden stilnar ut mot ettermiddag/kveld.

Ruta hadde også trøbbel laurdag.

På ferjeruta Rysjedalsvika- Rutledal- Krakhella blir ruta inn til Losna kansellert inntil vidare. Årsaka er det dårlege vêret, melder Fjord1 søndag 10.05.

Ferjesambandet Lavik- Oppedal måtte kutte to avgangar kl. 12.10 og 12.40 på grunn av tekniske problem og dårleg vèr.

Lokalbåt Solund/Gulen: Grunna dårleg vêr blir lokalbåtruta Mjømna-Nåra-Mjømna innstilt, melde Fjord 1 søndag klokka 16.00.

Ortnevik - Nordeide: På grunn av ekstra anløp vil det frå 17.30 og ut søndag bli forseinkingar i ruta.



Artikkeltags