Han meiner Braanaas har meir ansvar enn han trur

HAR ANSVAR: Administrerande direktør i Norges Lastebileiger-forbund Geir Mo meiner det blir for lett for Ola Braanaas å seie at han ikkje lenger har ansvar etter at lasta er henta på pakkeria hans.

HAR ANSVAR: Administrerande direktør i Norges Lastebileiger-forbund Geir Mo meiner det blir for lett for Ola Braanaas å seie at han ikkje lenger har ansvar etter at lasta er henta på pakkeria hans. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

SAMFERDSLE: Ola Braanaas meiner det eksportøren sitt ansvar å syte for transporten. – For enkelt, meiner administrerande direktør i Norges Lastebileiger-forbund, Geir A. Mo.

DEL

Direktøren fortel at han vart oppgitt då han las Braanaas sine uttalar måndag.

Oppdrettaren i Firda Seafood meiner at deira ansvar sluttar når fisken skiftar eigar og trillar om bord i lastebilen.

Braanaas avviser at pakkeria hans har eit ansvar å sørge for at sjåførane som hentar fisk hos dei har kompetansen til å køyre på vintervegar i Norge.

Uttalen kom etter at semitrailer med fisk fekk problem på vinterføret og stod på tvers i vegbana på veg opp på Ånnelandsfjellet i Gulen. Vogntoget enda opp med å sperre all trafikk i fleire timar, og ein som hjalp det vekk meinte at sjåføren ikkje hadde god nok kompetanse.

Har ansvar for dette

Geir A. Mo i Norges Lastebileiger-Forbund meiner at Braanaas har meir ansvar for sjåførane enn han er klar over.

– Braanaas tek feil. Han har eit ansvar som er regulert i straffelova, forskrift for arbeidstid for sjåførar og andre innan vegtransport (FATS), yrkestransportlova og køyre- og kviletidsbestemmingane – som er eit EU-reglement. Som kjøpar av transporttenester som vareeigar skal han medverke til at forskriftene skal følgast, seier Mo, som meiner alle ledd i denne transporten må ansvarleggjerast.

– Å skulde på at varene er selt med leveranse på eiga lasterampe, held ikkje etter mi vurdering, seier Mo.

Direktøren meiner vidare at Braanaas umogleg kan vere tent med at ein vel transport billegast mogleg, dersom det medfører at produktet han sel ikkje kjem fram, eller at sjåførane som leverer produktet ikkje er nok kompetente til å ferdast på vintervegar i Norge.

– Dette handlar til sjuande og sist om trafikksikkerheit, og den kan ikkje Braanaas skyve over på andre, sier Mo.

Gir skryt for «Trygg trailer»

Han vil samstundes gi Braanaas skryt for at han er med i «Trygg trailer», og han håpar at oppdrettaren varslar Vegvesenet når dei finn dårlege dekk og manglande kjettingar, slik oppdrettaren seier at dei gjer.

Vidare vil han understreke at å vere med i «Trygg trailer» burde gjort Braanaas bevisst totalansvaret for transporten han vel.

– Ein må sjekke reglane. At dei har lov å køyre, og at transportøren held reglane, seier Mo, som understrekar at dette gjeld både for Norske og utanlandske transportselskap.

Når det gjeld Braanaas sine uttalar om at det ikkje er hans oppgåve å sørge for for konkurransekrafta til norsk transportnæring, og at dei må ordne med den sjølv, er Mo samd.

– Det har han rett i, men det som er hans oppgåve er å få vara levert fram til kundane sine på ein forsvarleg måte, utan fare for andres liv og helse, seier Mo.

Artikkeltags