Gulen kan bli havvind-base for Equinor

VINDMØLLER: Illustrasjon av vindkraftprosjekter Hywind Tampen.

VINDMØLLER: Illustrasjon av vindkraftprosjekter Hywind Tampen. Foto:

Av

GULEN: Vindmøller i Nordsjøen skal kutta CO₂-utslepp med meir enn 200.000 tonn i året. Gulen Industrihamn blir truleg base når Equinor skal montera vindmøller for fem milliardar kroner.

DEL

Dei flytande vindturbinane skal lagrast, setjast saman og gjerast ferdig i industrihamna.

– Equinor har på vegner av partnarane tildelt kontrakt til Wergeland Base i Gulen Industrihamn i Sogn og Fjordane på bakgrunn av ei heilskapsvurdering av blant anna kor topografisk eigna staden er, tryggleiken og tekniske og kommersielle forhold, seier prosjektdirektør Olav-Bernt Haga i Equinor i ei pressemelding.

Vindturbinane skal brukast til å elektrifisera olje- og gassfelt på norsk sokkel, skriv Sysla.

Viss planane blir realiserte, skal Equinor byggje elleve vindturbinar basert på det flytande havvindkonseptet Hywind.

Dei 8 MW store turbinane vil få ein samla kapasitet på 88 MW og vil kunne dekka om lag 35 prosent av det årlege kraftbehovet til dei fem plattformene Snorre A og B og Gullfaks A, B og C.

Prosjektet Hywind Tampen kan bli det første i verda til på bruka vindkraft til å elektrifisera olje- og gassplattformene.

– Dei ferdigstilte turbinane vil bli taua til feltet der dei blir forankra, kopla opp og sette i drift, opplyser Equinor.

Målet er at oljeselskapet skal kutta CO₂-utslepp frå dei fem olje- og gassplattformene på Snorre- og Gullfaksfeltet med meir enn 200.000 tonn i året.

Artikkeltags