Sorga var stor i Gulen då steinkrossen som har stått ved kyrkjegardsmuren vart knekt i april 2012. Krossen er frå 1000-talet, og ein reknar med at den vart sett opp i samband med kristninga av Norge. Det ironiske var at korset vart knekt då ein felte eit tre – fordi ein var redd for at treet skulle velte og knekke korset.
Sjokkmelding
– Eg sat i eit møte då eg fekk meldinga som ein tekstmelding: «Krossen e øydelagd!» Dei andre sa at det såg ut som om eg hadde fått melding om eit dødsfall i familien der eg storma ut, sa Trude Brosvik under markeringa av gjenreisinga av korset i førre veke. Det første Brosvik gjorde den fatale dagen var å ringe politiet og melde frå om det som hadde skjedd.
– Det var sjokk og vantru og stor sorg for mange, då korset vart knekt, sa ordførar i Gulen Hallvard Oppedal.
– Ein kan jo berre ta ein kik på kommunevåpenet til Gulen, så skjønar ein kvifor det var så viktig for folk at korset måtte komme attende til Gulen, repliserte riksantikvar Jørn Holme, som vitja Eivindvik i samband med markeringa.
– Her i Gulen er vi veldig glade for at korset no er kommen opp att der den stod før ulykka. For oss er det og veldig viktig at den kom opp att på same stad, fordi den er ein historieforteljar om Gulatinget og om innføringa av kristendommen i Noreg.
Det var nemleg ikkje så sjølvsagt at korset skulle gjenreisast på same staden, fortalde Oppedal:
Lang kamp
– Det var ulike synspunkt i fagmiljøa om kva som ville vere den beste løysinga. men til slutt vart kommunen lytta til, og Riksantikvaren bestemte at korset skulle settast opp att i Gulen. Restaureringsoppdraget vart deretter gjeve til Stavanger Arkeologiske Museum ved Universitetet i Stavanger.
Markeringa vart avslutta med opptog frå Krossteigen til Olavskrossen. Ingrid Hellwege Haveland (mangeårig kunstnarleg leiar for «Håkonarspelet») blåste til markering med lur, Frendar vikinglag – eit nystarta vikinglag for Ytre Sogn og Sunnfjord kasta glans over arrangementet på ekte vikingvis.
Lokalhistorikar Magnor Midttun framførte ein prolog ved Olavskrossen - eit hyldningsdikt til Olavskrossen, før Riksantikvaren skar snor med vikingkniv og ønska korset velkommen heim. Deretter vart det festkonsert med musikaren Karl Seglem, og sopranen Christine Marøy akkompagnert av Jon Kristian Bye, med etterfølgande festmiddag på Gulating Hotell.