Oppdrettskongen såg seg lei på barnehagemangel – tek kostnadane med å bygge ny

LEI AV Å VENTE: Kjem det folk, kjem det barn, meiner Ola Braanaas. Han ønskjer å tilsette fleire, og meiner det då trengs ei oppgradering av branehagetilbodet på Byrknesøy. No tek han byggekostnaden for å få på plass ein ny barnehage.

LEI AV Å VENTE: Kjem det folk, kjem det barn, meiner Ola Braanaas. Han ønskjer å tilsette fleire, og meiner det då trengs ei oppgradering av branehagetilbodet på Byrknesøy. No tek han byggekostnaden for å få på plass ein ny barnehage. Foto:

Oppdrettar Ola Braanas ser at barnehagekapasiteten på Byrknesøy i Gulen er sprengt. No blar han opp mellom 10 og 20 millionar for å få på fortgang i utbygginga.

DEL

– Barnehagen på Byrknesøy er allereie sprengt, og nye barnekull gjer at det hastar med å få på plass ei permanent tidsrett og god barnehageløysing på Byrknesøy, skriv Braanaas i ei pressemelding.

Gjennom Steelhead Invest AS går han og Tore Larsen inn med mellom 10 og 20 millionar for å få bygd ein ny barnehage med to avdelingar og 45 plassar. Summen er det som er sett som ramme for utbygginga.

Skal tilsette fleire

Braanaas sitt selskap Firda Seafood skal auke bemanninga dei næraste åra. Han peikar at det difor hastar med å få på plass ei god barnehageløysing på Byrknesøy.

– Samtidig ser vi føre oss ein kraftig vekst i sysselsettinga i åra framover, berre i Firda Seafood Group ventar vi nærare 40 nye arbeidsplassar i dei kommande åra. Skal vi klare å rekruttere gode tilsette som vil slå seg ned her ute, er barnehagedekning og skule heilt sentralt. Kjem det folk, kjem det også barn, her er eit samspel mellom næring og kommune, og vi ønskjer fortgang i prosessane, skriv Braanaas.

Klar til neste haust

Han og Larsen har no inngått ein avtale om kjøp av tomteareal knytt til skulen på Byrknesøy, og vil tilby Gulen Kommune ein ny barnehage innflyttingsklar til neste haust.

– Firda Seafood Group AS vil stå for fullfinansiering under byggeprosessen, skriv Braanaas, som vidare spelar ballen vidare til kommunen.

– Så får Gulen kommune vurdere om dei ønskjer å overta heile barnehagen, eller å inngå ein langsiktig leigeavtale på bygg og anlegg når dette står ferdig neste haust.

Artikkeltags