Gulen gir berre studentar og elevar karantene

Kommunen i Ytre Sogn følger ikkje resten av gamlefylket.

DEL

Søndag vart det klart at kommunane i Sogn og Fjordane innførte eit felles karantenekrav etter opphald i deler av Norge.

Men Gulen ønskjer ikkje å følge dette fullt ut.

– Vi har kome fram til at kommunen ikkje kan treffe vedtak om karantene for alle som kjem til Gulen frå andre kommunar i store deler av Sør-Norge, slik dei andre kommunane har gjort, står det i ei pressemelding på heimesida deira.

Dei har derimot bestemt at studentar frå utdanningsinstitusjonar i Oslo, Bergen, Trondheim og Viken, eller kjem frå skular som vart stengt grunna smitte før allment stengepåbod, skal i heimekarantene 14 dagar frå den dagen dei kom til Gulen.

Dette har tilbakeverkande kraft frå og med 12. mars.

– Helsepersonell og personar med samfunnskritiske stillingar må innrette seg slik at dei unngår å bli indirekte ramma av desse retningslinene. Det betyr at ein må finne alternativ innlosjering til studentar som kjem frå område som utløyser karantene, skriv kommunen.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken