Folk i Gudvangatunnelen sprang for livet. Kunne vore unngått med betre kommunikasjon

BRANNEN: Slik såg det ut etter brann i Gudvangatunnelen 30. mars 2019.

BRANNEN: Slik såg det ut etter brann i Gudvangatunnelen 30. mars 2019. Foto:

Ny rapport fastslår at ikkje alt var som det skulle vere i kommunikasjonen mellom naudetatane, skriv NRK fredag.

DEL

30. mars i år brann ein lastebil i Gudvangatunnelen og 32 personar måtte evakuerast.

I ein ny rapport slår brannvesenet no fast at kommunikasjonen ikkje var god nok. Brannvesenet kunne ikkje kommunisere direkte med vegtrafikksentralen. Statens vegvesen sette på viftene i tunnelen slik at røyken blei blåst same retning som folk prøvde å rømme, slår rapporten fast ifølge NRK.

Det førte til at folk som var i tunnelen måtte springe for livet, skriv NRK Sogn og Fjordane fredag.

Gilje meiner denne situasjonen kunne vore unngått om brannvesenet kunne kommunisert direkte med vegvesenet i staden for å gå via 110-sentralen.

Innsatsleiar Arvid Gilje rettar spesielt kritikk mot Statens vegvesen og vegtrafikksentralen Vest.

– Dei har utstyret, men dei bruker det ikkje. Det er meininga at slikt skal brukast. Dei har klar instruks, seier Gilje til NRK.

No krev han at Vegdirektoratet og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap gir ordre om at alle vegtrafikksentralane i landet må vere naudnettet når det skjer ulykker.

Svarar på kritikken

Avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Svenn Egil Finden, svarar NRK på kritikken og seier dei gav beskjed umiddelbart til alarmsentralen då dei fekk melding om brannen i tunnelen.

– Slik det er i dag har vi direkte kommunikasjon som går via dei etablerte naudtelefonane som gjeld. Ein får oppretta trippelvarsling umiddelbart. Erfaring frå tidlegare viser at dette har fungert godt, seier han til NRK Sogn og Fjordane.

Finden seier det er for tidleg å seie om rutinane skal bli endra.


Artikkeltags