Vegtrafikksentralen melde litt over klokka halv tre laurdag at dei har stengd Gudvangatunnelen på E16 grunna tilløp til brann i eit køyretøy inne i tunnelen.
– Det ser udramatisk ut no, men brannvesenet rykker ut for kontroll av køyretøy, sa dei då.
Like etter kom kontrameldinga: Det var berre snakk om eit motorhavari i ein bil.
– Det er ingen brann, men førar av bilen tok ut brannsløkkingsapparatet ved ein feil, seier trafikkoperatør Oliver Hatland Iversen.
Bilen står midt i vegbana, og det er grunnen til at tunnelen er heilt stengd. Bilbergar er venta til staden innan 35 minutt.
– Vi håpar at tunnelen er open igjen innan tre kvarter, seier Hatland Iversen.
Tunnelen opna igjen like etter klokka 15.00.
TIPS OSS
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33