Langeland har ein mastergrad i organisasjonspsykologi, innovasjon og leiing, og har mange års erfaring med leiing frå privat og offentleg sektor.

Langeland er opphavleg frå Guddal, men han og kona driv no gard i Hardanger med ammeku, sau og mjølk.

– Det er ei fantastisk ære å få denne rolla. Eg er audmjuk for den tilliten eg får, og stolt av at Norsk Bonde- og Småbrukarlag meiner at eg er rett kandidat til å bidra til at organisasjonen og norsk landbruk har ei framtid i Norge. Eg ser verkeleg fram til å bli kjent med dei tilsette på kontoret og styret. Det er ei brytningstid i landbruket no som krev mykje av NBS, og vi må ha fokus på å levere det styret treng for å gjere jobben. Eg har høge forventingar til både meg sjølv og sekretariatet, og er sikker på at med dei rette grepa, så vil NBS bli ein større og sterkare organisasjon i tida framover, seier Langeland i ei pressemelding.

Situasjonen i norsk jordbruk er alvorleg, og behovet for ei retningsendring i jordbrukspolitikken har blitt enda tydelegare. For NBS er dette prioritet framover.

– Generalsekretæren er øvste ansvarleg for støtteapparatet til og et fast haldepunkt for vårt arbeid i jordbruksforhandlingane. Anton Langeland vil få ein krevjande start med å sette seg inn i dette. Vi har stor tru på at han tileigna seg denne kunnskapen raskt, seier Hoff.

– NBS er organisasjonen for alle som har trua på norsk landbruk og norsk mat på norske ressursar. Eg håper at mange ser at tida for å engasjere seg, er no! Vi må halde trykket oppe og formidle situasjonen i jordbruket på ein slik måte at det norske folk blir betre kjent med oss, og meir stolte av det fantastiske landbruket vi har i dette landet, seier Langeland.

Det har dei siste åra vore store utskiftingar blant dei tilsette i NBS. Samtidig har organisasjonen vendt seg til nye digitale arbeidsmåtar og -verktøy, og er i gang med å utvikle organisasjonen for framtida.

– No er det viktig for oss å bygge et sekretariat som kan hjelpe organisasjonen i alt vi må og vil gjere. Vi meiner Anton Langeland med hans erfaringar er riktig person for å leie dette arbeidet, avsluttar Hoff.