Gå til sidens hovedinnhold

Fleire hundre sa nei til fjorddumping

Artikkelen er over 6 år gammel

Stor markering framfor Stortinget tysdag.

Tysdag kveld blei det arrangert markering for Førdefjorden, mot sjødeponi framfor Stortinget, i regi av Naturvernforbundet, Natur og Ungdom og Førdefjorden og Vevring miljøgruppe.

På førehand var rundt 1300 påmelde på Facebook. Dei frammøtte høyrde appellar frå Ola Elvestuen (V), Dagrunn Eriksen (KrF), Rasmus Hansson (MDG), Heikki Holmås (SV), Mani Hussaini (AUF) og Emil Andre Erstad (KRFU), og Torfinn Evensen frå Norske Lakseelver, Arnstein Vestre frå Natur og Ungdom, Lars Haltbrekken i Naturvernforbundet og Anne-Line Thingnes Førsund frå Vevring og Førdefjorden Miljøgruppe.

Fridtjov Urdal las dikt, medan Jorunn Torsheim stod for musikalsk innslag. Inger Fure Grøtting leverte protestbrevet signert av 500 unge frå Sogn og Fjordane.

Ein av dei som tok turen frå fjordfylket til hovudstaden var Bjarte Kapstad i Førde Arbeidarparti.

– Det er for å markere at ein ikkje akseptere regjeringa sitt vedtak om sjødeponi. Så enkelt er det. Vi er for berekraftig gruvedrift, men det er ikkje sjødeponi. Vi håpar saka blir tatt opp til handsaming i Stortinget, slik andre store miljøsaker blir, seier Kapstad.

Kor mange som møtte opp er vanskeleg å anslå.

– Fleire hundre i alle fall. Det er mykje politikarar og stor mediedekning, seier Kapstad.

Kommentarer til denne saken