Trass i overkøyringa i si store miljøsak, fører regjeringas ja til sjødeponiet i Førdefjorden ikkje til at Venstre avsluttar samarbeidsavtalen med Høgre og Frp.
Det stadfester stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn overfor Firda, nokre timar før partileiar Trine Skei Grande kjem til Førde for å delta på folkemøte.
– Det viktige no, blir å reise den folkelege opinionen, slik at det blir skapt eit press som kan røre ved haldningane hos ulike parti. Det er denne vegen vi jobbar no, seier Rotevatn til Firda.
Sterke ord og boksehanskar
Venstre har tidlegare gått svært sterkt ut mot sjødeponiet. Fylkesleiar Gunhild Berge Stang har sagt at dette er ein kamp Venstre ikkje kan tape. Under landsmøtet i Tromsø nyleg tok partileiar Trine Skei Grande på seg boksehanskar ho fekk overlevert av Natur og Ungdom, for å markere at ho skulle gå i ringen for å hindre sjødeponi i Førdefjorden.
Men etter regjeringas deponi-ja fredag, samstundes som det er klart at Arbeidarpartiet ganske enkelt vil ta regjeringsavgjerda til vitande, seier Sogn og Fjordanes Sveinung Rotevatn dette:
– Det har ikkje noko føre seg å bryte samarbeidsavtalen med regjeringa, fordi det ikkje vil føre til ein annan situasjon. Det einaste som i så fall ville skje, var at regjeringa ville få Aps støtte til sitt deponi-ja, og ville kunne gjennomføre det dei har bestemt seg for, uansett. Det å bryte samarbeidsavtalen vil i seg sjølv ikkje kunne stogge deponiet. Derimot ville det føre til at bindinga i samarbeidsavtalen om Lofoten og Vesterålen vart oppheva, slik at regjeringa, med Aps støtte, ville ha frie hender til å starte leiteaktivitet etter olje der. Vi vil ikkje oppnå noko for miljøet med å bryte samarbeidsavtalen, seier Rotevatn. Han avviser dermed kravet frå nestleiar i Florø Venstre, Halvor Halvorsen, om å vise at nok er nok.
Ekte frustrasjon
- Halvor Halvorsen viser ein ekte frustrasjon, og der han så inderleg ønskjer at vi skulle stoppe fjorddeponiet. Men slik situasjonen er, vil det ikkje føre til noko som tener miljøet, seier Rotevatn.
På spørsmål om ikkje Venstre no sit med ei tapt sak, svarar stortingsrepresentanten:
– Det ser stygt ut, men folkeleg opinion og protestar kan bevege på parti. Vi håpar å lage nok merksemd rundt denne saka til at det kan presse andre parti til nye tankar, seier Sveinung Rotevatn.