– Det viktigaste no må vere å kjempe for at mest mogleg av verdiskapinga frå ei gruvedrift i Engebøfjellet blir liggande att i vårt eige land, og helst i Sogn og Fjordane, seier Thor Erlend Mehammer (Ap).

Deponimotstandaren og leiaren i Førde Ap seier det eigentleg er ein trist dag, men at regjeringas ja til sjødeponiet i Førdefjorden ikkje kom uventa.

Kampen ikkje over

– Dei følte seg nok trygge på at Ap ikkje ville gå imot, seier han. Mehammer peikar likevel på at det ligg fleire partiårsmøte mellom dagens ja og ein oppstart av gruveanlegget, og at overvakingsorganet ESA kan kome på banen. Han meiner at den politiske kampen mot deponiet ikkje er over. Men viktigast, er å unngå at verdiane frå ei Engebø-gruve berre renn ut av landet, seier leiaren i Førde Ap.

– Gruva bør drivast av eit Statmineral, etter same mønster som Statoil. Det må stillast krav om at det må bli eit norsk selskap som vinn ut minerala, seier Mehammer.

Oljerikdommen

Han meiner det kan trekkast klare parallellar til forvaltinga av oljeressursane:

– I oljen vart det etablert eit avgiftsregime som sikrar at ein stor del av verdiskapinga går til den norske staten. Difor har vi også hatt oljerikdommen. Dette prinsippet må også gjelde gruvedrifta. Også her handlar det om om naturressursar, på same måte som oljen. Vi kan ikkje ha det som i Sør-Varanger, der verdiskapinga frå gruvedrifta der i hovudsak har gått til australske selskap, pluss at det der også vart brukt australske pendlarar som arbeidskraft, seier han.

– Ordføraren i Sør-Varanger har åtvara Naustdal mot å hamne i den same situasjonen, seier Thor Erlend Mehammer.