– Ei utruleg trist avgjerd frå Regjeringa, men kampen om deponiet skal halde fram i Stortinget, seier Venstre-ordførar og fylkestingsrepresentant Alfred Bjørlo.

Bjørlo seier deponiet vil kome på dagsorden i Stortinget gjennom eit Dokument 8-framlegg frå Venstre om at Norge skal stoppe praksisen om sjødeponi.

– Dette er vår tids største miljøsak. No får vi sjå om det er fleirtal for å stoppe galskapen, seier Bjørlo. Sjølv kom han i full deponikrangel med Høgre og Frp under fylkestingseta i desember i fjor, då han spådde at sjødeponiet i Førdefjorden ville bli Norges nye Alta-sak og ei omdømepåkjenning, med omverdas auge på det som skjer.

Testen

På spørsmål om han sjølv er innstilt på å gå lenger enn den tradisjonelle kampen, og eventuelt vil delta i aksjonar med plakatar og lekkjer, svarar Bjørlo:

– Eg har tenkt gjennom dette, og svaret er ja. Eg er med på aksjonar. Denne saka er testen på kor langt vi her i landet eigentleg er komne i å skjøne kva ei berekraftig framtid betyr. Vi veit i dag at avgjerda om Alta-utbygginga som i si tid vart gjort, aldri ville skjedd i dag. Om ti-tjue år vil ein aldri finne på å ta ei avgjerd om Førdefjorden som den Regjeringa no har bestemt.

Det mest skremmande, er konsekvensane  sjødeponiet kan få for havbruk- og fiskerinæringa, meiner Venstre-politikaren.

Frykt

– I går deltok eg på NHOs Europadag på Skei. Det første innlegget som kom frå fiskeri- og havbruksnæringa si side, handla nettopp om frykta for at det skulle bli sagt ja til deponiet. I dag sit eg i møte med representantar for cruisenæringa i Nordfjord. Dei er hovudristande til det Regjeringa har bestemt, og frykta deira er ekte. Det er ikkje slik Høgres Frida Melvær og Arve Mjømen påstod i desembertinget, at det er vi som åtvarar mot sjødeponiet som er problemet, seier Alfred Bjørlo.