I Firda 24. februar prøver Naustdal Ap å setje Norges Fiskarlag på plass og påstår at fiskarlaget fer med feilinformasjon. Men det er eit ynkeleg forsøk frå Naustdal Ap, ettersom strategien ser ut til å vere å trekkje ut og omskrive enkelte element frå Miljødirektoratet sine vurderingar, og dermed med skape eit inntrykk som ikkje er i tråd med direktoratet sine tilrådingar.

Dersom Naustdal Ap ikkje har fått med seg konklusjon til Miljødirektoratet så langt, så er den her: «De miljøfaglige hensynene tilsier at innsigelsen som er reist mot planene om deponering av gruveavfall i Førdefjorden i Sogn og Fjordane, bør tas til følge».

Dette bør Naustdal Ap ta inn over seg og slutte med å vere kjerringa mot straumen. Ettersom den politiske motstanden mot gruveplanane aukar, er vesle Naustdal Ap snart den einaste kjerringa som går mot to fagdirektorat og andre uavhengige faginstansar.

Naustdal Ap har visst ikkje fått med seg at uavhengige fagfolk har karakterisert utgreiingane nærmast som bestillingsverk og tendensiøse rapportar, og at tilleggsutgreiingane forsterkar konklusjonen om at bruk av fjorden på omsøkt måte ikkje er berekraftig.

Trass i desse mangelfulle utgreiingane har altså to fagdirektorat frårådt fjorddeponi. Det er feil av Naustdal Ap å hevde at vi veit svaret rundt tungmetall, bruk av kjemikaliar, spreiing av finpartiklar osv. Naustdal Ap framstiller simuleringane med partikkelspreiing som eksakt vitskap, dette er feil.

Folk flest veit at dette er simuleringar som uavhengige fagfolk har stilt mange kritiske spørsmål til. Det vart brukt modellerte straumverdiar som konsekvent var lågare enn målte verdiar, og utsleppet vart simulert midtfjords i staden for inne ved land der maks straumen ofte er dobbelt så sterk som midtfjords.

Naustdal Ap veit sikkert at det er svært mangelfull forsking på konsekvensar av opptak av finpartiklar med tungmetall i næringskjeda. Naustdal Ap framstiller utsegnene frå Miljødirektoratet som fasitsvar, mens direktoratet titt og ofte påpeikar at dei manglar kunnskap på mange marine område.

«Ordføraren høyrde berre på seg
sjølv og Nordic Mining, og i innlegg
etter innlegg held han fram med
å love gull og grøne skogar»

Direktoratet seier i si oppsummering blant anna:

«Tap av leveområder er definert som den viktigste årsaken til det store tapet av biologisk mangfold, internasjonalt, nasjonalt og lokalt. Som nevnt er det en stor utfordring med å forvalte marine arter og naturtyper at vi har langt mindre kunnskap om marin natur. Vi kan derfor uttale oss med mindre sikkerhet om tilstedeværelse av viktige naturtyper og arter, og det er vanskelig å gi eksakte vurderinger av effekten av menneskelig påvirkning.

For de fleste artene og naturtypene vil det etter det vi vet per i dag ikke være av kritisk betydning for bestanden sett i et regionalt eller nasjonalt perspektiv, dersom de skulle gå tapt eller fordrives fra det berørte området eller fjorden som helhet. Vi har vurdert at det planlagte deponiet vil kunne ha en større effekt på kysttorsk, pigghå, blålange og ål.

For kysttorsk og ål mangler vi fortsatt kunnskap om hvorvidt deponering av masser vil påvirke vandringsmønstrene. Dersom vandringsmønstrene blir påvirket, er det imidlertid sannsynlig at dette vil kunne ha en effekt på bestandene. Dette gjelder særlig kysttorsk, siden kysttorsken i Førdefjorden antagelig er en egen genetisk torskestamme. Vi mener også at kunnskapen som foreligger sannsynliggjør at et fjorddeponi, slik det er forespeilet i planforslaget innebærer risiko for at funksjon, struktur og produksjon i økosystemet i Førdefjorden som helhet forringes.»

Når ein les Naustdal Ap sitt innlegg, så får ein inntrykk av at alt er såre vel med fjorddeponi, og dei ordlegg seg slik at lesaren får eit anna inntrykk av konsekvensane enn det som er vurderingane og tilrådingane til to fagdirektorat og andre uavhengige faginstansar.

Naustdal Ap sitt truverd og integritet står til stryk når dei prøver å setje Norges Fiskarlag på plass ved å framstille Miljødirektoratet sine vurderingar som 100 prosent sikre, og andre utgreiingar og simuleringar som eksakt vitskap.

Ordføraren i Naustdal er kommunen sin fremste folkevalde, men han undergrev Havforskingsinstituttet (HI) og to direktorat sin fagkunnskap og tilråding. Det er å fullstendig svikte sitt ansvar som ordførar og samfunnsbyggjar, som inneber at ein skal arbeide for ei berekraftig næringsutvikling i regionen.

Ein ordførar med integritet og evne til å sjå lenger enn børsverdien til Nordic Mining (NM) hadde sytt for å inkludere dei mange, mange høyringsuttalar frå uavhengige faginstansar, næringsinteresser, miljøorganisasjonar og Førde kommune, som alle frå rådde fjorddeponi.

Då hadde han truleg spart aksjonærane i NM for utgifter til tilleggsutgreiingar som berre forsterka konklusjonen til Miljødirektoratet og HI. Men ordføraren høyrde berre på seg sjølv og NM, og i innlegg etter innlegg i Firda held han fram med å love gull og grøne skogar.

I eit innlegg i Firda nyleg peika NM på at ein må tenkje nytt og ein må finne fleire bein å stå på. Det er ikkje mykje nytenking i å dumpe gruveavgang og restmineral i Førdefjorden, restmineral som no er framstilt som ein verdifull resurs av NM. Det osar heller ikkje av nytenking å stå på eit bein som ikkje er berekraftig.

«Nytenkinga» til Naustdal Ap og NM har ingen ting med vekst og utvikling i Sunnfjord-regionen å gjere, berre kortsiktig gevinst for aksjonærane i NM. Naustdal Ap og NM rir ein daud hest, for Førdefjorden får dei aldri.