Nordic Mining begynte i førre veke arbeidet med tunnelen. Tunnelen blir ein sentral del av infrastrukturen som må på plass for å hente ut malm ut frå fjellet.
Det skal etablerast eit knusekammer og selskapet skal bore ei vertikalsjakt gjennom ytterkanten av førekomsten til toppen av Engebøfjellet.
– Det er ein stor milepåle for oss å starte med underjordsinfastrukturen, seier Kenneth Nakken Angedal, driftsdirektør i Nordic Mining til Firda.
Ankar dom om gruvedrift i Engebøfjellet
Blir rundt 100 meter lang
Gruveprosjektet har skapt mykje debatt. Mange er mot, men det er også dei som støttar prosjektet.
Vegen har vore lang, og det har vore mange rundar gjennom dei ulike departementa. Men med dette kan ein trygt seie at arbeidet med å gå inn i fjellet har starta.
Arbeidet med tunnelen er viktig for prosjektet fordi det er slik gruvearbeidarane vil kunne komme til med maskineriet som skal drille i fjellet.
Malmen som selskapet drillar laus frå sjakta er meint å falle ned med tyngdekrafta. Deretter skal den transporterast ut tunnelen på eit transportband slik at den kan førast vidare til fabrikken som skal byggast i nærleiken. Slik meiner selskapet at dei sparar seg for svært mykje maskinell transport.
Tunnelen dei jobbar med blir bygd av Sunnfjord Industripartner AS og skal bli rundt 100 meter lang.

Dette betalte Nordic Mining grunneigarane på Engebø. Ein av dei fekk 21 millionar
Kostnad: 2,5 milliardar kroner
Prosjektet vil koste om lag 2,5 milliardar kroner og Nordic Mining ventar å tilsette rundt 100 personar når gruvedrifta er i gong.
– Du har mykje ansvar på skuldrene dine?
– Vi bygger dette som eit team. Når vi snakkar om ansvar, fokuserer vi framover mot drift, der vi skal vise at vi kan drifte anlegget innanfor våre rammeløyve. Målet vårt er å bli ein hjørnesteinsbedrift i Sunnfjord, og då må vi levere innanfor lokale arbeidsplassar, seier han.
Etter planen skal alt vere på plass hausten 2024, seier driftsdirektøren.

Her jublar aksjonistane i Vevring: – Dette er ein stor siger

– Ei oppleving å ta med seg inn i livskvelden
