Gå til sidens hovedinnhold

Grunnrenteskatt for fellesskapet – bremse for næringsvekst

Artikkelen er over 1 år gammel

Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Skatt på grunnrente for produksjon av vasskraft blei innført frå og med 1997. I innstilling til Stortinget la Finanskomiteen vekt på opplegget frå finansdepartementet der følgande formulering var med: «Målet har vært å komme fram til et system med egenskaper som sikrer samfunnsøkonomisk riktige beslutninger i utbygging og drift, samtidig som skatteinntektene til kommunene samlet sett opprettholdes. Departementet har også lagt vekt på å unngå å svekke statens inntekter i særlig grad.»

I formuleringa var det ei dårleg skjult målsetting om å bremse vidare utbygging av vasskraft gjennom «ei ekstrabeskatning av den meravkastning som den begrensede mengden vannfall, ut fra en teoretisk betraktning, skal gi opphav til». Saman med verneplanane for vassdrag vart grunnrenteskatten såleis eit viktig verkemiddel mot vidare vasskraftutbygging.

Statsminister Stoltenberg stadfesta dette i nyttårstalen 1. januar 2001: «Vi er nå kommet dit at tida for nye store vannkraftutbygginger i Norge er over.»

Kraftbransjen har i tida etter 1997 sagt klart frå om at grunnrenteskatten er eit vesentleg hinder for å få utnytte eit stort potensial for ny fornybar energi som ligg i utviding og opprusting av mange eksisterande store kraftverk.

Etter 20 år ser vi kor effektiv grunnrenteskatten vart som bremse i vasskraftbransjen. Ønska investeringar i opprusting og utviding er fråverande. Unntak frå grunnrenteskatten i denne perioden er lokal verdiskaping knytt til omfattande utbygging og drift av små kraftverk opp til 10.000 kVA.

I same tidsrommet vil ein finne at Staten sine inntekter frå skattar og avgifter på kraftproduksjonen har auka vesentleg meir enn inntektene til kommunane. Naturressurskatten på vasskraft som blir tilført kommunar og fylkeskommunar der kraftverka ligg, blei innført på same tid som grunnrenteskatten, men denne har ikkje auka på langt nær som grunnrenteskatten. Med andre ord ei sterk sentralisering av verdistraumen frå vasskraftproduksjonen.

Det er god latin for mange økonomar å hevde at effektiv grunnrenteskatt er avgjerande for «rett» bruk av naturressursar. Dette viser mellom anna rapporten frå Havbruksskatteutvalget med eit fleirtal som argumenterer sterkt for ein betydeleg grunnrenteskatt på fiskeoppdrett.

Fiskeoppdrett i sjøen er ei ny næring. Tidleg i 1970-åra var det nokre få pionerar som var i oppstartsfase. Mange såg at her var det på gang noko som kunne bli viktig for kyst-Norge. Fiskarbonden skulle kanskje få ei ny oppblomstring. Det vart også antyda at fiskeoppdrett skulle bli ein del av jordbruksoppgjeret. Slik gjekk det ikkje.

Pionerar og gründerar såg fort moglegheitene og det vart mange av dei. Næringa voks veldig fort og står i dag fram som økonomisk vellykka.

I debatten vi har omkring denne næringa, mellom anna basert på rapportar frå forsking omkring rømt oppdrettslaks, lakselus og ureining kjem det klart fram at det i næringa ligg miljøkostnader som krev oppfølging og som næringa må dekke, men grunnrenteskatt er ikkje verkemiddelet. Ei eller anna form for miljøavgift bør heller vere tema her.

Grunnrenteskatt for oppdrettsnæringa vil lett føre til full oppbremsing og hinder for vidare utvikling og innovasjon. Mønsteret har vi sett for vasskraftbransjen.

I opplegget frå Havbruksskatteutvalget vert det lagt opp til endå eit område for sterk sentralisering av verdistraumen frå ei viktig distriktsnæring. Viktigare enn å leite etter grunnrenteskattekroner er å sørge for gode vilkår for å auke verdien av naturressursane våre, samt sørge for gode miljøreguleringar/avgifter, då vil skattekronene rulle inn gjennom etablert skatteregime både til staten (det store fellesskapet) og lokalsamfunna.


Kommentarer til denne saken