Gå til sidens hovedinnhold

Grill tok fyr i Loen. No er brannen sløkt

Naudetatar rykker ut til staden, til det som kan vere ein mogleg bran i ein kolbe på ein grill.

Det melder Vest politidistrikt klokka 18.56.

Brannen skal vere på ein terasse i Loen i Stryn.

Naudetatane er sendt til staden. Vidare omfang er ikkje meldt per no.

110-Vest melde at det var ein gassgrill som tok fyr.

Klokka 19:15 melde Vest politidistrikt at brannen er sløkt.

Har du bilde, video eller informasjon frå staden? Del det gjerne med oss her.

Kommentarer til denne saken