110 Vest melde onsdag ettermiddag om ein grasbrann i eit område nær Bygstadvegen i Sunnfjord.

Vaktkommandør Stian Kvam ved 110 Vest fortel klokka 16.30 at brannmannskapet er ferdig på staden, og at dei returnerer.

– Dei har dynka området med vatn, seier Kvam.

Sløkt av innringarane

Grasbrannen skal ha skjedd i Haugen / Haugsbø-området mellom Bringeland og Bygstad. Brannen vart meldt inn av dei som gjorde opp eld, og desse gjorde også eit stort sløkkearbeid fram til brannmannskap kom til staden.

– Dei klarte å stoppe flammane med hageslange og vassbøtter. Det var ikkje flammar på staden då brannmannskapet kom til staden, seier Kvam, som legg til at brannmannskapet dynka området med vatn for å vere sikre på at ikkje grasbrannen blussa opp att.

Vaktkommandøren fortel at grasbrannen var i eit område om lag 10–20 meter frå nærliggande bygg. Nøyaktig kor stort område som brann er han ikkje informert om.

Gunstig vindretning

Også politiets operasjonssentral melder på Twitter at brannen oppstod nær bygg, men dei skriv at vindretninga heldigvis var gunstig.

Dei har elles oppretta sak etter brannen.

Både dei og 110 Vest peikar vidare på det same: Det er svært varmt og tørt, og folk bør difor vere svært varsame ved bruk av open eld.

– Vi vil tilrå at folk tenker seg om. Visna fjorårsgras som tørkar brenn svært godt. Vi vil difor oppmode alle som skal gjere opp eld om å tenke seg godt om, og helst bruke tilrettelagde eldområde, og å ha vasskjelder nær, seier vaktkommandør Kvam.

Han fortel at det også er viktig å følge med på skogbrannindeksen. Han kjem vidare med ei siste påminning:

– Hugs at det er berre hageavfall du har lov å brenne. Alt anna skal avfallsorterast.